Dag Seierstad: Folket sa nei

28. november 2014 var det tjue år sidan folkefleirtalet sa nei til medlemskap i EU. Det vil Nei til EU feire med ei illustrert jubileumsbok om EU-kampen.

NOK149,00 inkl. mva.

Produktinfo

Dag Seierstad: Folket sa nei

Mykje er skrive om EF kampen i 1972, men lite om EU-kampen i 1994. Det er forståeleg at det var stor interesse for 1972: EF-debatten splitta folket, og nei-fleirtalet ved folkerøystinga vart eit sjokk for den norske makteliten.

Men det som skjedde i 1994 var også dramatisk: Makt, media og millionar – stod mot menneske som i 1972. Og den brokete alliansen på nei-sida knuste makteliten nok ein gong.

Boka følgjer den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i mars 1962 og fram til folkerøystinga i november 1994.

Her er alle milepælane og høgdepunkta med, båtstafetten, markeringa i Ullensvang, historia til alle fylkeslaga, markeringa i Tromsø, stjernemarsjen og sist, men ikkje minst - gledestårene valnatta.

Og som ein raud tråd gjennom framstilling får forfattaren fram kva kampen eigentleg handla om. Kven sto mot kvarandre desse åra – og korleis blei EU-motstanden organisert? Kva sto debatten om– og korleis blei det mobilisert dei siste vekene? Og sist men ikkje minst: Kvifor vann nei-sida til slutt? 

Boka er gjennomillustrert i fargar, 320 sider, utgjeve på Det Norske Samlaget.